Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Vi startar straks opp kantslåtten som skal gi betre sikt og tryggleik langs vegane. Skal vi få gjort denne jobben effektivt er vi avhengig av eit samarbeid med grunneigarar langs fylkesvegane. Gjerder langs vegen bør vere minst 3 meter frå vegkanten for ikkje å hindre arbeidet med kantslått, grøftereinsk og rydding. Dei bør òg vere i god stand, seier seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torgeir Bye.

Mange er flinke

I løpet av året gjennomfører fylkeskommunen to rundar med kantslått. Den eine frå mai og den andre startar i august. Det er ikkje berre med tanke på trafikktryggleik og at det skal vere fint langs vegane jobben blir gjort.

- Mange er flinke til å passe på gjerder og eigedomsgrenser. Vi skal slå vegkantane på 3200 km fylkesveg, og da hender det dessverre ganske ofte at entreprenørane våre blir hindra av gjerder som står for tett på vegen, at det er montert rett på autovernet, det ligg stålstrengar eller netting i grøfta som kjem inn i slåmaskina. Det viktigaste er at gjerda er minst 3 meter frå vegkanten og i god stand, seier Bye.