For Sunnmøre er det søndag og måndag varsel om betydeleg snøskredfare.

Den varsla vêrendringa slo til og det har gått frå minus- til plussgrader. Varsom.no har faregrad 3 for Sunnmøre som betyr betydeleg snøskredfare.

– Kraftig vind gir stor snøtransport over tregrensa og fare for naturleg utløyste flakskred. I lågare område kan det gå våte laussnøskred, heiter det i varselet.

Det er venta ein del nedbør dei komande dagane i form av regn og det vil framleis vere plussgrader.