Ørsta kommune skriv på si heimeside at kommunen fekk melding om 75 nye tilfelle av koronasmitte i løpet av førre veke.

Veka før fekk kommunen melding om 49 nye smittetilfelle, og veka før der igjen var talet 71.

Då hadde talet på smitta gått ned kvar veke sidan smittetoppen siste veka i februar – då heile 975 nye korona-tilfelle vart registrerte i Ørsta kommune. Ørsta låg då eit par veker på smittetoppen i Noreg.

Sidan mars 2020 er det registrert 4 856 positive koronaprøver i Ørsta kommune.

Volda kommune har ikkje oppdatert smittetala på over to veker.