Barth Eide var tysdag på Nyttårskonferansen i Molde, der politikarar og toppleiarar frå heile fylket er samla. Han sa i sitt foredrag at naturkrisa har kome litt bakpå samanlikna med klimakrisa, og at der det er målkonfliktar, så vel ein klima framfor natur, heiter det på Møre og Romsdal fylke si heimeside.

- Men det har blitt meir og meir klart, både i det nasjonale- og internasjonale arbeidet, at vi har ei like alvorleg naturkrise som vi har ei klimakrise. Det er like viktig å hugse på biologisk mangfald og på økosystema som naturen forvaltar. Dei store spørsmåla som å ta betre vare på Amazonas, regnskogen i Kongo og Indonesia er like viktige og like store utfordringar som våre eigne myrer, bekker, elver og skogar, sa Barth Eide.

- Viktig lokalt arbeid

Ministeren, som før jul sto i spissen for Noreg sin delegasjon til naturtoppmøtet i Montreal, oppmoda leiarane frå Møre og Romsdal til å sjå viktigheita av lokalt klima- og naturarbeid, og at det er like viktig som dei store oppgåvene som ei heil verd slit med.

- Det er summen av enkelthandlingar som tel, sa Barth Eide.

– Og ein kan av og til bli litt motlaus, men det er ganske viktig å tenke på at ein då utviklar både løysingar som fører til konkrete kutt i utslepp heime hos ein sjølv, heime i sin eigen kommune, sitt fylke og sitt land. Og når ein gjer det, bidreg ein også til å utvikle modellar og løysingar som kan delast, eksporterast eller andre kan lære av.

- Kommunar kan bidra

Han sa at kommunar definitivt kan bidra til reduksjon i klimagassar, for eksempel med å bytte ut bilparken med utsleppsfrie køyretøy.

- Men det er enda meir openbart at det er mykje vi kan gjere betre når det gjeld areal. Hovudproblemet når det gjeld natur er at vi bygger han ned. Når vi gjer om skog til asfalt, for eksempel. Eller når vi legg ut nokre av våre vakraste og mest artsrike område til hyttefelt, eller når vi «overskattar» naturen slik at vi i staden for å tenke sirkulært, så held vi fram med å ta ut råvarer som vi har i kretsløpet fordi det tilsynelatande er billigare å kjøpe nytt enn å bruke gamalt, sa Barth Eide i følgje fylkeskommunen si side.