– Vi ønskjer å ha ei straumstøtteordning som er relevant. Og det har vi no, seier Aasland til NTB.

I både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har det lenge ulma når det gjeld straumprisane. I det siste har det vore spekulert i om regjeringa vil komme med nye grep i forkant av fylkesårsmøta og landsmøta i partia for å demme opp for kritikken.

No legg Aasland spekulasjonane død.

– Det er ikkje nokon nye endringar på trappene, slår han fast.

– Ingen endringar vedtekne

Onsdag vart det klart at folk som bur fast i ein fritidsbustad, frå no av skal få straumstøtte.

Ifølgje fleire medium har regjeringa også hatt ulike planar på bordet for å gjere straumstøtta meir treffsikker, mellom anna å endre berekningsgrunnlaget frå eit gjennomsnittleg månadspris til spotprisen per time.

Men skal ein tru Aasland, er dette altså ikkje aktuelt med det første.

Aasland meiner dagens system er bra fordi det motiverer folk til å kutte energibruken når straumen er dyr.

– Det som er viktig i eit kraftsystem som vårt, er at vi har evna til å flytte noko av forbruket til lågpristidspunkt, slik at vi ikkje får overbelastning i nettet. Den fleksibiliteten er det ønskjeleg å halde oppe, meiner statsråden.

Absurd

Når straumstøtta blir rekna ut frå eit månadssnitt, kan spotprisen i periodar bli lågare enn straumstøtta. Det var tilfelle i Sør-Noreg i romjula, då ein faktisk tente pengar på å fylle badekaret.

– Det er ei ulempe, samtykkjer Aasland.

– Men det er ein risiko knytt til dette, for ein forskoterer jo kva straumstøtta faktisk blir.

Stortinget har også fleire gonger bede regjeringa vurdere å ta nærvarmeanlegg og private straumnett, såkalla grendenett, inn i ordninga.

Men det er fleire problem knytt til dette, påpeikar Aasland.

– Nærvarmeanlegg er vanskeleg å innlemme. Viss det skal skje, må det vere meir søknadsbasert. Grendenett er også problematisk. Der har vi ikkje god nok kontroll på dei som er innanfor desse netta.

SV reagerer

SV, som er den føretrekte samarbeidspartnaren til regjeringa, reagerer sterkt på at Aasland enno ikkje har fått på plass ei ordning for nærvarme, som mellom anna blir brukt av burettslag og yrkesbygg. Det må skje så fort som mogleg, krev partiet.

– Dette har Stortinget vedteke og bede om fleire gonger, då er det jobben som minister å sørgje for at det kjem på plass, seier energipolitisk talsperson Lars Haltbrekken til NTB.

– Nærvarme er eit viktig enøktiltak. Kjem det ikkje ei støtteordning på plass raskt, risikerer vi at desse anlegga går konkurs. Resultatet blir auka straumforbruk og auka utgifter for staten til straumstøtte. Det burde vere i alles interesse å få på plass ei støtteordning raskt, påpeikar han.

Subsidierte får støtte

Ein del kraftkommunar gir no innbyggjarane sine straum til lågare pris. I tillegg har ein del hushald gunstige fastprisavtalar. Desse gruppene får likevel like mykje i straumstøtte som alle andre.

– Kan det bli aktuelt å ta desse ut av ordninga?

– Førebels er vurderinga at det vil bety mykje administrativt arbeid. Det finst ikkje nokon enkel måte å gjere dette på, det er noko av utfordringa. Vi er opptekne av å ha ei så ubyråkratisk ordning som mogleg, svarer Aasland.

Han trekkjer også fram at situasjonen har endra seg i løpet av vinteren.

– Prisane har gått noko ned, og vi har analyseselskap som seier at prisane vil bli veldig låge til sommaren. Men vi vurderer systemet kontinuerleg og om det er aktuelt å gjere justeringar eller forbetringar av ordninga.

(©NPK)