I 2022 var det 8204 par som skilde seg. Det er det lågaste talet på skilsmisser sidan 1986, då 7813 ektepar gjekk frå kvarandre, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Skilsmissetalet auka fram til 2004, då så mange som 11.045 ekteskap blei oppløyste.

Gjennom pandemiåra var det ein tydeleg nedgang i skilsmisser her i landet: frå 10.422 i 2019 til 8204 skilsmisser i 2022. Det har vore ein lik nedgang i separasjonar.

– I mars 2020 var det fleire som trudde det ville bli auke i skilsmisser i Noreg, sidan alle blei innestengde under koronapandemien. Det vi såg var at færre skilte seg, då færre skil seg i usikre tider, seier Anders Sønstebø, seniorrådgivar i SSB.

På same tid var det stor nedgang i bryllaup i 2020 og 2021.

Morten Blekesaune er sosiolog ved Universitetet i Agder. Han seier det har vore etterslep på bryllaup som følgje av pandemien. Samtidig har det dei siste tiåra vore ei forandring i familielivet og oppfatninga av kva bryllaup og ekteskap betyr i Noreg.

– På 1980-talet fekk nordmenn barn i 20-åra. No får vi barn i 30-åra. Samtidig har vi byrja å gifte oss etter vi har stifta familie, seier Blekesaune.

Dette får utslag på tala for skilsmisser.

Menn skil seg oftast når dei er 45–49 år gamle, medan flest kvinner skil seg når dei er 20–24, viser rapporten til SSB.

Likevel er det også skilsmissene blant dei eldste av oss – «grå skilsmisser» – som er på veg opp. Skilsmisseratane samla sett går ned, men aukar i aldersgruppene frå 55 år og over.

(©NPK)