Onsdag morgon like før klokka 08.00 var det straumstans både i Ørsta og Volda.

Ifølgje Linja var det utfall på 420kV forsyninga frå Statnett.

Store delar av Søre Sunnmøre var utan straum.

Det tok ikkje mange minutt før straumen var tilbake i Ørsta sentrum.

Klokka 08.17 var det eit nytt utfall på 420kV forsyninga. Om lag 20.500 kundar var råka av straumstansen ifølgje Linja.

Oppdatering 08.25: Linja oppdaterer at dei kjem til å gjenopprette straumforsyninga frå ein alternativ veg.

– Vi ber alle slå av alt av unødig straumforbruk, skriv Linja.

– Statnett har hatt ein feil i forsyninga til vårt nett i Ørsta. Vi har prøvd å finne ei alternativ forsyning inn til Ørsta. Vi jobbar med å få gjenoppretta nettet. Slik det ser ut er det Statnett som har problem. Vi samarbeider tett med Linja, fortel Trond Søreide i Linja til Sunnmørsposten.

Klokka 08.48 kom straumen tilbake i Ørsta sentrum.

Statnett opplyser at straumbrotet har samanheng med feil på hovudstraumsforsyninga mellom Ørsta og Ålfoten.

– Statnett jobbar no i tett dialog med Linja for å gjenopprette straumforsyninga. Det er for tidleg å si kva feilen kjem av, men det er dårleg vêr i området, skriv Statnett og beklagar overfor straumkundane er som råka.

Klokka 09.57 var det eit nytt straumbrot. Ifølgje Linja var nærare 30.000 kundar råka. Klokka 10.05 kom straumen tilbake i Ørsta sentrum.

Eit mørklagt Volda onsdag morgon. Foto: Knut Arne Aarset