Klokka halv to natt til søndag melde politiet om at dei hadde bortvist ein person frå Ørsta sentrum. Han hadde bråka, og var rusa.

Ein halvtime etterpå skjedde omtrent det same i Volda sentrum. Der hadde ein kar vore både rusa og hatt ufin åtferd, så han vart bortvist frå Volda sentrum.

Denne gongen vart det også avgjort lengd på straffa: Han vart utvist frå Volda sentrum til klokka 08.00.