Med dette har rådhuset fått universell tilkomst og parkering for alle, og uteområdet har blitt betydeleg forflegra med både ny asfalt og rabattar – så no er der pent rundt rådhus-novene.

Baksida av rådhuset har fått ny asfalt, og fasaden er shina opp. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

På heimesida til Ørsta kommune står det blant anna:

- Vi har fiksa litt småting tidlegare, som bytta dei gamle vindauga, men no har vi endeleg fått ein fin og god parkeringsplass og personalinngang, sa kommunedirektør Wenche Solheim.

Vakkert. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

Og ordføraren Stein Aam var samd, og som seg hør og bør takka han «grasrota» og alle som har vore med på prosjektet.

Representant for Norges Handikapforbund Monica Stokken var særs nøgd med parkeringsplassane for handikappa, sitteområdet og tilkomsten til inngangspartiet.

Nyasfaltert tilkomst. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

Parkeringsplassen kjem ikkje berre godt til nytte for alle som skal på rådhuset, men også når det er arrangement på kulturhuset eller i nærområdet elles.

F.v.: Prosjektleiar Hallvard Bergmann, Steinar Hjorthaug, Trond Eriksen (Anleggsservice AS) og Arnstein Ose. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

Kommunen sin leiar for prosjektet har vore Hallvard Bergmann, og sjølv om kommunen har gjort det meste sjølv, har ein også brukt eksterne entreprenørar til delar av jobben.

Heile 76 parkeringsplassar er her. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

Parkeringsplassen er asfaltert og har 76 parkeringsplassar, - der er tre parkeringsplassar for handikappa og fire ladestasjonar til elbilar.

Lunsj (?) i sola etter opninga av plassen. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

Lyktestolpar på parkeringsplassen og på gangvegen over Simahagen er på plass. Vidare er det lagt flott ferdigplen, steinheller og kantsteinar.