Sjekk kven lokalavis-redaktørane trur vil bli ordførarar

Fall på nasjonale meiningsmålingar betyr ikkje nødvendigvis at Senterpartiet mistar alle ordførarane sine på Nordvestlandet. Dette er nokre av dei som kan vere aktuelle til attval eller å bli valde for første gong. Bak frå venstre: Odd Jostein Drotninghaug (Sykkylven), Sølvi Dimmen (Volda), Jan Ove Tryggestad (Stranda), Tove Halse Digernes (Ørsta). Framme frå venstre: Olav Myklebust (Sande), Terese J. Moen (Fjord), Per Kjøllesdal (Stryn) og Vebjørn Krogsæter (Haram). Foto: Kollasj

Senterpartiet har vore i fritt fall på nasjonale målingar, men kan likevel få nesten like mange ordførarar på Nordvestlandet som i 2019. Høgre kan stikke av med fleire ordførarpostar Arbeidarpartiet har denne perioden – og nokre til.