Politiet rykte ut til eit slagsmål i Ørsta sentrum natt til søndag.

– Litt uklart hendingsgang. Ein person er slått, men er ikkje skadd. Politiet opprettar sak og vil etterforske saka vidare,skriv politiet på Twitter kloka 04:22.

Tidlegare på natta greip politiet inn mot ein person som urinerte på offentleg stad. Han blir meld.

Ein annan er meld for drikking på offentleg stad, og han vart vist vekk frå sentrum.