Tal frå Frendeundersøkelsen som Norstat har gjennomført viser at berre 3 av 10 nordmenn vernar tinga sine når det lyner. Det er framleis trikset med å trekkje ut støpselet som fungerer best når det smell, skriv Frende forsikring i ei pressemelding.

– Det er for dårleg at så mange ikkje tek vare på tinga sine. Trekk ut støpselet når det torar og bruk heller eksterne ladarar eller mobildata den tida du er kopla frå straumen i veggen, seier brannekspert i Frende Forsikring, Øystein Øren..

Viss du har installert overspenningsvern, kan du slappe av. Då treng du ikkje kople frå noko når lynet slår ned rundt deg.

Viss tinga dine blir skadde etter lynnedslag, er du dekt gjennom innbuforsikringa. Skadar på bygning er dekte med ein hus- eller hytteforsikring.

– Skadane blir dekte under brannforsikringa, som er ein obligatorisk del av forsikringa. Viss fryseboksen din blir øydelagd, blir også innhaldet erstatta, seier Øystein Øren frå Frende Forsikring.

TIPS: Dette må du hugse på når det lynar:

Installer overspenningsvern i sikringsskapet

Trekk ut kontakten

Bruk ekstern ladar og datatrafikk

Hugs at lynet stort sett slår ned i det høgaste punktet

Dropp paraply og fiskestong

Det er tryggare i bilen enn ute

Ikkje bad når det lynar

Bruk mobiltelefon

(©NPK)