I alt 33 prosjekt fekk 7,3 millionar til saman. Frå Møre og Romsdal kom det 75 søknadar på 21 millionar kroner.
Lokalt fekk gamlegymnaset i Volda 422.000 kroner, og Eldhuset i Gamlevege 100.000 kroner.
- Gjennom dei siste åra har mengda søknadar til Kulturminnefondet auka mykje, og vi er med på å redde fleire kulturminne enn nokon gang over heile Noreg, skriv fondet i ei pressemelding.
- Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod for private eigarar, og vi arbeider heile tida med å forenkle prosessen med å søke. Den store auka i talet på søknadar tyder at vi er på rett veg i dette arbeidet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.
Han er også glad for at Regjeringa har styrka Kulturminnefondet med auka løyvingar, som gjer det mogleg å støtte fleire gode tiltak over heile landet.
Laupande søknadsfrist
Tidlegare har Kulturminnefondet hatt ein årleg søknadsfrist, men det er det slutt på. Frå 2019 blir det laupande søknadsfrist, og private eigarar av verneverdige kulturminne kan søke om støtte kva tid som helst.
Allereie nå er det mogleg å sende inn ein søknad for 2019.
Desse prosjekta i Møre og Romsdal fekk støtte i år:
Lesliebrygga klippfiskbrygge, Ole Bjøntegaard Tønder, Kristiansund, 150.000
Naust på Iva-Lars Garden, Ingrid og Narve Opsvik, Stranda, 235.000
Flå - våningshus, Einar Flaa, Sunndal, 206.000
Elverhøy restoration project, Harry Kenyon-Slaney, Sunndal, 247.000
Balkonger i Parkveien 6, Jens Petter Grebstad, Ålesund, 114.000
Bymisjonssenteret i Ålesund, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Møre, Ålesund, 900.000
Omlegging av skifertak på grindløe, Alf Idar Småge, Aukra, 175.000
Hessav. 14, plate balkong og vinduer, Bernt Are Wiig, Ålesund, 150.000
Djupdalen, Storfjordens Venner, Stordal, 70.000
Brandal grendehus, skifertak, Brandal grendehus, Hareid, 573.000
Rosekyrkja, Jorunn Monrad, Stordal, 149.000
Apotekergata 6 i Ålesund - tårn, Eidsvik eiendom AS, Ålesund, 185.000
Steinvågvegen 23 - skifertak, Sameiet Steinvågvegen 23 , Ålesund, 222.000
Strandagården, Surnadal billag AS, Surnadal, 360.000
Molovegen 20/22 - Kultursenter - Eksteriør, Asgeir Berg, Ålesund, 250.000
Rønneberggarden - utvendig panel, Thorstein Jenssen, Sande , 120.000
Fasade Gamle Molde Apotek, Møre og Romsdal Boligbyggelag, Molde, 900.000
Tollboden Rehabilitering fase 3, Bjørn Michelsen, Kristiansund, 600.000
Gamlegymnaset i Volda, Stiftinga Gamlegymnaset i Volda , Volda, 422.000
Brygge Volden, Solskjeløya, Irene Wolden Bruset, Aure, 178.000
Ramstaddal Kaihus, Venneforeninga for Ramstaddal Kai, Sykkylven, 100.000
Ramstadgarden, Myrebakken 14, Karl Kildehaug, Sykkylven, 50.000
Trebygning i laftet tømmer , Gunnar Kjønnøy, Kristiansund, 50.000
Fredheim, tak, Midsund slekts og historielag , Midsund, 82.000
Nordhaug, tak løe, Johan Vasstrand, Sandøy, 133.000
Voldsdalstunet - eldstova, Anne Bente Skjellum, Ålesund, 150.000
Seterfjøs på Kansdal, Anne Marit Kansdal, Tingvoll, 51.000
Vedahuset i Nordhagen, Haugsholmen, Liv Sæther Myskja, Sande , 65.000
Smia på Hjelden, Hans Hafsås, Sunndal, 100.000
Eldhuset i Gamlevegen 2, Jacob Kjøde, Volda, 100.000
Grindløe på støylen, Oddvin Ronald Støylen, Herøy , 140.000
Grindløe, Strand gard, Torbjørg Strand Bersås, Skodje, 50.000
Salteriet, Lena Seternes, Aure, 60.000