Ei gruppe muslimar i Ørsta og Volda ønskjer å registrere seg som eit trussamfunn. Dei har tidlegare søkt fylkesmannen om å få opprette eit trussamfunn, men fått avslag på dette.

– Vi treng ein plass for å gjennomføre fredagsbøn i Volda, og har ikkje råd til å leige eit lokale, skriv styreleiar Saaed Hosni Mahmood i eit brev til Kulturdepartementet.

Saman med fleire andre ønskjer han å stifte eit trussamfunn med dette føremålet, som skal dekke både Volda og Ørsta.

Saka har hamna på departementet sitt bord etter at fylkesmannen bad initiativtakarane bak det islamske senteret om å kontakte departementet.

– Eg lurer på om det er nokon hos dykk som kan rettleie oss. Vi er takknemlege for at de bruker tid på dette temaet.

Kulturdepartementet har bede om ei vurdering frå fylkesmannen før dei går vidare med saka.