– Eg skal definitivt velje denne yrkesvegen og gå bygg- og anlegg, seier Eirik Mathias Flatnes frå Sæbø.

Han og fleire andre tiandeklassingar var onsdag på synfaring i Grossmyra hos Volda Maskin, og etterpå til Engeset Panorama, der Din Bolig er i ferd med å ferdigstille eit stort bustadkompleks.

Han var ikkje aleine om å vise stor interesse for faget. Leonhard Hasund og Steffen Anderson hadde teke turen frå Ulstein ungdomsskule for å vere med på synfaringa.

– Eg er veldig interessert i tømrarfaget. Det har eg vore sidan vi byrja å pusse opp heime, og eg fekk eit innblikk i kva det er far min jobbar med. Han er tømrar, og eg tenkjer å gå i hans fotspor, fortel Hasund.

Det same seier Anderson.

– Eg har arbeidd litt på ei hytte då eg var yngre, og også vi driv med oppussing heime, så det har fanga mi interesse.

Valet står mellom skule i Ørsta eller Herøy. Men bygg- og anleggsteknikk vert det på begge to.

– Å få vere med på ein slik dag er veldig bra. Her får vi sjå litt meir av kva faget handlar om, seier dei samstemt.

Bygg- og anleggsgruppa har siste åra jobba mykje med rekruttering, i nært samarbeid med Ørsta vidaregåande skule. Dei har vore på skulebesøk på ungdomsskulen for å snakke fram dei retningane dei representerer, og har årleg arrangert bygg- og anleggsdagar.

– Vi vel medvite å besøke niandeklassingar, altså året før dei skal velje utdanning. Sist hadde vi god hjelp av Kjellen Bigset som mana ungdomar til å ta gode val basert på eigne ønske. Vi følgjer deretter opp og inviterer elevane på anleggsdag når dei er i tiandeklasse. Her får dei prøve maskiner og sjå korleis vi fører opp ein bustad frå A til Å, seier Einar Holsvik frå Bygg- og anleggsgruppa.

Og det nyttar, skal vi tru Atle Svellingen som er lærar ved linja ved Ørsta vidaregåande skule.

– Rekrutteringa siste åra har gått rette vegen. I dag har vi to klasser på vg1 og ei stor klasse på vg2. Det er noko dominert av gutar, men vi har jenter som også vel denne utdanninga.

Laurits Holen og Frank Erik Rangsæter frå Volda Maskin viser gledeleg fram arbeidsplassen sin. Av ein arbeidsstokk på nær 65, har firmaet som mål at dei skal ha 10 prosent lærlingar.

– Vi har også hatt jenter innom oss, og det viser seg at dei er svært dyktige til å køyre store maskiner. Eg trur vi vil sjå meir av dette i framtida, spår Rangsæter.

Rekrutteringa for neste år ser i alle fall ut til å vere sikra av entusiastiske ungdomar.

– Som leiar for bygg- og anleggsgruppa er eg stolt over at vi har medlemer som vil bruke ein heil dag for dette arbeidet. Og vi må rette ein ekstra stor takk til Volda Maskin ved Anders Rotevatn, og Roar Eiken i DinBolig, seier Einar Holsvik.

Grossmyra: Synfaring på store maskiner i Grossmyra hos Volda Maskin. Steffen Anderson (i styrhuset), Leonhard Hasund og Leon Mulasi skal snart bestemme seg for utdanningsveg, og ser på bygg- og anleggsfaget som svært aktuelt. Foto: Joachim Åsebø
Rekruttering: Atle Svellingen er lærar ved bygg- og anleggsteknikk ved Ørsta vidaregåande skule. Her saman med Laurits Holen og Frank Erik Rangsæter frå Volda Maskin. Dei viste fram Grossmyra for ungdomsskuleelevane, med sikte på rekruttering. Foto: Janne-Marit Myklebust
Utdanning: Sander Rem Haugen og Eirik Mathias Flatnes frå Sæbø. Sander skal verte bonde fortel han, mens Eirik Mathias har bestemt seg for å gå bygg- og anleggsfag. Foto: Janne-Marit Myklebust