Det skriv rektor og FAU-leiar ved Velle skule i eit brev til seksjonssjef skule i Ørsta kommune.

Saka gjeld ØIL Fotball som skal skifte kunstgrasdekket på bana ved Ørsta stadion. I eit møte på kommunen vart det bestemt at Vikemarka skule skal få delar av det gamle kunstgraset til å etablere kunstgras på deler av grusbana ved skulen, men at Velle skule ikkje skal få, der argumentasjonen var at skulen truleg skal byggjast på om få år, og at skulen bør få ein heilskapleg plan for skuleplassen, før det vert brukt pengar på å etablere kunstgras der.

I brevet kjem det fram at ØIL Fotball ikkje legg skjul på at dei ser seg sjølv tente med å ha eit ekstra treningsfelt å spele på ved Velle skule – ikkje Vikemarka, der bana vert for lita.

– Vi ønskjer at seksjonssjef skule fremjar saka til politisk handsaming etter sommarferien, der Ørsta kommune ser Velle og Vikemarka skular til gode med to like store pengebeløp, skriv rektor Harald Bj. Thunem og FAU-leiar Janne-Marit Myklebust.

Å etablere kunstgras ved Velle skule vil koste meir enn ved Vikemarka, då bana ved Velle må byggast opp med om lag ein halv meter. Dette skal ikkje koste kommunen noko, skriv rektor og FAU-leiar.

Tanken er at Ørsta Fotball forskotterer kostnadene med opparbeiding og legging av dekke. Eventuelle sponsormidlar skal kome ØIL til gode.

– Eventuelle nettokostnader ut over dette, vert dekka dels av ordinære skulemidlar, og dels av opparbeidde FAU-midlar, og vert såleis ikkje ei belastning for ein hardt pressa eigedomsseksjon.

– Sidan to heilt sentrale brukargrupper er så interessert i å få dette til, håper vi at de kan gje eit munnleg/skriftleg tilsegn på at grusbana vår kan stillast til disposisjon for kunstgras. Dette bør skje snarast råd. I dette må det også vere ein uttrykt vilje til å jamstille Velle og Vikemarka frå eigedomsseksjonen si side m.o.t. midlar, står det i brevet.