Det seier nokre av huseigarane og bebuarane i Ørsta sentrum som Møre-Nytt har snakka med dei siste vekene. Særleg var det ille denne helga, der det vert fortalt om kappkøyring, burning og rusing av motorar til langt på natt.

Huseigarar og bebuarar fortel om ein kvardag med mykje bråk om nettene. Bråket kjem frå bilar, mopedar, motorsyklar og andre køyretøy som rusar og herjar rundt om nettene.

Ein utflytta ørsting fortel til Møre-Nytt om årevis med plager for foreldra hans og andre han kjenner i Ørsta sentrum. Han har bedt foreldra sine om lov til å stå fram fleire gonger, men dei har nekta han då dei er redde for at det berre blir verre.

Represaliar

– Klagar tidlegare har ført til at bråkmakarane har stilt seg opp utanfor huset og rusa motorane og spelt musikk ekstra høgt der. Både foreldra mine og andre vurderer å flytte, fortel mannen.

Ein annan Møre-Nytt har snakka med, fortel også om frykt for represaliar dersom han står fram med saka.

– Vi har prøvd å ta tak i dette tidlegare, og fått det midt i fleisen, fortel mannen.

Ekstra ille

Han seier til Møre-Nytt at det var ekstra ille no i helga.

– Det var tullete bilkøyring, og vanvitig fart. Dei stilte seg opp i Webjørn Svendsen-gata to og to i lag, og køyrde om kapp, fortel huseigaren.

Ein annan bebuar fortel om farlege forbikøyringar i tillegg til kappkøyring.

– Ein bil tok ei forbikøyring forbi tre bilar i rasande fart i Webjørn Svendsen-gata. Det var ille, fortel han.

Han håper politiet vil kome i sivil til sentrum ei natt til laurdag eller ei natt til fredag.

– Berre slik er det mogleg å få stoppa dette, seier han.

Utflyttaren som Møre-Nytt har vore i kontakt med, fortel at dei ved fleire høve har evakuert frå Ørsta sentrum i samband med jul, påske og sommarferie langt tidlegare enn tenkt, då heile familien har mist nattesøvnen.

Terrorvelde

– I påska i år var det fire dagar på rad med stor trafikk, høg fart, rusing av motorane og musikk med høgt volum og opne bilvindauge, fortel mannen.

Han skildrar det som eit «terrorvelde» der politiet ikkje har ressursar eller evner til å stoppe det, og der dei som blir ramma av det er livredde for følgjene om dei står fram.

– Han fortel at foreldra og andre han kjenner i sentrum har meldt inn bråket til politiet ved gjentekne høve utan at det har betra seg. Høyrselsvern og sovetablettar eller at ein reiser vekk i helgane for å sikre seg nattesøvnen, har vorte vanleg.

Amcarklubben førdømer

I helga arrangerte Amcarklubben i Ørsta og Volda Sunnmørstreffet. Stian Juliebø i amcarklubben vert lei seg når han høyrer om bilbråket som har vore i helga. Han er tydeleg på at dette vil ikkje amcarklubben ha noko av.

– Eit av poenga med å arrangere gateløpet, og invitere til burning etterpå, er jo at folk skal kunne gjere dette i lovlege former. Vi er svært tydelege overfor førarar og publikum at vi ikkje aksepterer burning ute i gatene. Ingen av våre skal ha tilknyting til slikt. Dette vert presisert både på førarmøte og frå speaker si side overfor publikum, fortel Juliebø.

Han fortel også at ein førar vart utestengt for eit par år sidan, då det viste seg at han hadde burna i gatene før arrangementet.

Vikegata: Også i Ivar Aasen-gata vart det herja i helga. Foto: svein aam