– Alle bachelorgradene i mediefaga går fram. Vi har ein auke på 18 % i førsteprioritetessøkjarar på våre yrkesretta medieutdanningar, seier dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

For mediefag i Noreg generelt er auken på 5,7 prosent, viser tala frå Samordna opptak.

– Dette syner at Volda festar grepet som den viktigaste mediefagsutdannaren i Noreg. No ser vi fram til å bygge framtidas mediehus, med innflytting i 2020, seier Gregoriusdotter Rotevatn.

Tala frå mediefagutdanninga syner at søkinga til medieproduksjon har auka med 91 prosent, mediedesign 36 %, journalist radio/tv 10 %, journalist nett/avis 3 %, PR 4 % og animasjon 2 %.

–Vi registrerer at vi er dei einaste, saman med Universitetet i Stavanger, som har ein auke i søkjarar på journalistikk. Særleg er radio og tv populært. Vi opplever at vi har mange journalistikkstudentar som er svært fornøgde med studiet, også på nett og avis. Fleire av årets avgangsstudentar har allereie fått jobbtilbod i nasjonale medium, fortel Gregoriusdotter Rotevatn.

Ho meiner det er verdt å merke seg at medieproduksjon har blitt svært populært.

– Særleg emnet Outdoor Media Production og WebDokumentar vil eg trekkje fram som eit spennande og framtidsretta emne, der vi brukar nærmiljøet og Sunnmørsalpene som læringsarena. Her har vi tett samarbeid med mediebransjen, fortel dekanen.

– Animasjon er eit vanskeleg studium å kome inn på, og her har vi hatt god søking i mange år. Vi er stolte av vår unike animasjonsutdanning. Særleg den animerte dokumentaren går ei lys framtid i møte og her har Volda ein stolt tradisjon, seier Gregoriusdotter Rotevatn.

Avdeling for mediefag held fram med å planlegge mediehus, og dette skal stå ferdig hausten 2020.

– Vi får eit stort løft med eit splitter nytt mediebygg. Både tilsette og studentar ser fram til nye lokale med ny teknologi, der alle får sitje saman i eit hus, seier dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.