Laurdag 4. oktober vert det arrangert trenings- og inspirasjonssamling i Ørstahallen i regi av Ørsta handball. Samlinga er for jentelaga i alderen 12 til 14 år. I tillegg er jentelag frå Volda invitert til samlinga.

Til samlinga kjem og landslagsspelarane Marit Malm Frafjord (Larvik) og Tonje Nøstvold (Byåsen). Dei skal på landslagssamling komande måndag, og difor passa det å legge turen innom Ørsta først. Landslagsspelarane var med på å ta gull under OL i London i 2012, og får også eit gjensyn med gullgolvet som no ligg i Ørstahallen. Under samlinga skal dei og vere lagleiarar for kvart sitt lag.

Dei som var med å investert i OL-golvet er og invitert til samlinga, og Malm Frafjord og Nøstvold vil og få med seg ein bit av OL-golvet som eit ekstra minne etter gullet i London.

For dei handballinteressert skjer det mykje dei komande dagane. Måndag inviterer Ørsta handball til gratis handballskule i Ørstahallen for dei som er fødd mellom 2003 og 2005.