Hallen skal byggast på tomta der utstillingsplassen ligg i dag. Reguleringsplanen vart vedteken i førre kommunestyre, og Ørsta kommune ønskjer no å kome vidare med prosjektet.

Kritikk

Frå før er det klart at Universitetsmuseet i Bergen tilrår arkeologiske utgravingar i området. Før jul sende museet eit brev til Riksantikvaren der dei retta krass kritikk mot korleis kulturminna i området har vore handsama tidlegare. Dette har vore omtala i Møre-Nytt tidlegare.

– Historikken omkring forvatlninga av dei automatisk freda kulturminna ved skuleområdet på Velle går attende til 1960-talet, og er ei lite flatterande historie med tanke på ivaretakinga av kjeldeverdiane til kulturminna her, skreiv museumsdirektør Henrik von Achen og seksjonssjef Asle Bruen Olsen i brevet.

Gjennom åra har kulturminna mellom anna vorte ramponerte av gravemaskinar.

- Dette er kulturminne som har vore under sterkt press i snart femti år.

Det mest kjende kulturminnet i området er gravhaugane ved Ørsta ungdomsskule. Det er også påvist ei rekkje andre kulturminne i området. Ingen av dei er daterte, men arkeologane meiner dei mest truleg stammar frå romartida eller folkevandringstida (0-550 e.kr.).

500.000

Universitetsmuseet i Bergen har kome til at utgravingane vil koste rundt 500.000 kroner. Det er Ørsta kommune som må ta denne kostnaden.

Kommunen har no vendt seg til Møre og Romsdal fylkeskommune, som har ansvar for kulturminnevern, med oppmoding om at utgravingane blir gjennomførte så fort som mogleg. Kravet om arkeologisk utgraving er teke med i reguleringsføresegnene til kommunen.

Fylkeskommunen ber difor no Riksantikvaren om å fatte vedtak om utgravingar etter kulturminnelova. Riksantikvaren har tidlegare, etter tilråding frå Universitetsmuseet i Bergen, gjort det klart at reguleringsplanen for hallen kan godkjennast under føresetnad av at det blir gjennomført ei arkeologisk gransking av dei råka kulturminna. Når eit slikt vedtak er på plass, kan utgravingane starte.