Voldsfjordkryssing AS har fått utarbeidd ein ny video som viser korleis ein kan byggje flytebru over Voldsfjorden.

Videoen kan du sjå ved å klikke her: https://vimeo.com/272251419

– De vil mellom anna sjå at vi har fått laga eit nytt løysingskonsept for flytebrua. Dette gir særs store investeringsinnsparingar i høve løysingsteknologien som tidlegare var tenkt nytta, seier dagleg leiar Odd A. Folkestad og styreleiar Ola Kjell Krumsvik i Voldsfjordkryssing AS.

Dei peikar på at alle komponentar til brua kan leverast frå verksemder i Møre og Romsdal.

– Dei flytande pongtongane og bruelementa kan prefabrikkerast på t.d. lokale verft. Verftet kan så slepe elementa til fjorden/staden der brua skal liggje, og deretter kople brua saman og forankre den. Det vil vere valfritt om ein vil ha ei løysing med skipssluse der alle større båtar kan passere, eller om ein t.d. i eine enden av brua vil «lyfte den opp i terrenget» slik ein der får ei fast seglingshøgde for større skip.