Etter å ha tenkt seg godt om, og at dei også spelar for unge fans, har gitarist Frank Villy Utgård i Vassendgutane bestemt seg for at ei instrumentallåt han har laga med arbeidstittel "Klittekløe" ikkje vert den offisielle låttittelen på nyeplata deira som kjem 15. mai.

Til Møre-Nytt fortalde Utgård på fredag, rett nok med verdas største smil, at låta skulle heite "Klittekløe", noko som kan assosierast som eit kjent underlivsproblem på damer.

Når smp.no spør Utgård om songen verkeleg heiter "Klittekløe", får pipa ein anna lyd.

– Nei, låta skal ikkje heite det. Det var no litt morosamt, men eg trur ikkje vi skal gå så langt. Vi spelar jo både for yngre og eldre. Førebels har ikkje låta fått eit namn, seier opphavsmannen Frank Willy Utgård til smp.no.

Gitaristen vedgår likevel at «joda, det har vore den interne arbeidstittelen», på instrumentallåta.

Så då er det berre å smørje seg med tolmod og vente på kva som vert den offisielle tittelen på fantomgitarist Utgård sin einaste instrumentallåt på plata "Skru opp!" som vert lansert 15. mai i samband med stordans i heimebana Ørsta.

Studio

I fleire veker har dei halde på i studio til Svein Erik Aamaas på Vatne, produsenten som har hatt stødig hand på alle Vassendgutane sine produksjonar. Den siste heitte «Hesteslepp» og kom for to år sidan.

No er det slik i plateprosessen at Vassendgutane byrjar å tru at dei har laga noko som folk vil like.

– Stilen liknar nok meir slik det let på dei første platene våre. No har vi stor tru på at fansen vår skal like plata, fortel bassist og vokalist Sindre.

Låtane er skrivne etter gammal resept der Sindre Aam skriv om lag halvparten medan radarparet Arthur Johan Bjørdal og Bjørn Dalene lagar resten.

Det vert to platelanseringar denne gongen, og 30. mai inntek Vassendgutane storstova for norsk musikk, Rockefeller i Oslo. Bandet har fylt dette lokalet før, og vonar på reprise.

I kveld, laurdag, spelar Vassendgutane på Florø kulturhus.