– Vi ventar også stor pågang i 2023, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

I 2022 mottok politiet i Møre og Romsdal underkant av 1,4 millioner søknader om pass og nasjonale ID-kort. I Møre og Romsdal mottok vart det mottatt i overkant av 67000 søknader om pass og nasjonale ID-kort.

Det var rekord. Til samanlikning mottok Møre og Romsdal-politiet i året før pandemien, i 2019, 38 000 søknader om pass i Møre og Romsdal politidistrikt.

Leveringstid

Produksjonen av pass og nasjonalt ID-kort går nå som normalt. Leveringstida er om lag éi veke (i tillegg til postgang).

– Det at mange skulle fornye passa sine på same tid i fjor, kombinert med leveringsproblem frå produsenten vår av pass og nasjonale ID-kort, gjorde at leveringstidene vart lenger og politiet måtte innføre tiltak. Dersom svært mange kjem for å søke om pass eller nasjonalt ID-kort rett før sommarferien, vil vi kunne oppleve at det tek lenger tid å få levert i år også. Veit du dermed at du treng pass og ID-kort før sommarferien, bør du allereie no gå inn på nettsida til politiet.no og bestillle time, skriv politiet i pressemeldinga.

Kvar?

Kvar kan du så søke om pass eller nasjonale ID-kort?

Jau, det er på alle pass- og ID-kontor i heile landet – mellom andre stader på politistasjonen i Hovdebygda. Det er viktig at du bestiller time før du kjem.

På politiet.no finn du også oversikt over dei nye samtykkereglane som du må vite om før du søker pass for barnet ditt. Der finn du også ei nyttig hugseliste før du kjem til politistasjonen.