– Statsforvaltaren må gå grundig igjennom denne saka, og late grunneigarar sine argument, innspel og kampvilje bli vurdert og høyrd. Her er det nok å gripe fatt i, og vi vonar at Statsforvaltaren vil finne gode nok grunnar til å støtte grunneigarane og få planen vurdert på nytt med krav om eit anna utgangspunkt, heiter det i konlusjonen på klagen.

Klagen er på elleve A4-sider, og tek føre seg historikken, sakshandsaminga og korleis både Statens vegvesen og Ørsta kommune har gått fram, ifølgje oppsitjarane.

Dei meiner dei ikkje har vorte høyrde, og at vegvesenet ikkje har vore mogleg å føre ein god dialog med.

Viss ikkje Ørsta kommune tek klagen til følgje, hamnar han hos statsforvaltaren.