2013 var forresten året då Ørsta kommune vart kåra til beste nynorskkommunen i landet.

Men nestleiar i Ørsta mållag, Jostein O. Mo, må berre konstatere:

- Målbruksplanen har visstnok ikkje vore framme som reiskap for kommunal språkrøkt sidan då.

I målbruksplanen (frå mai 2013) står det mellom anna at alle tilsette i kommunen pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta – og at kommunen skal kurse og rettleie dei tilsette i nynorsk språkbruk.

Jostein O. Mo viser til at Ørsta mållag har hatt fleire utspel for å hjelpe kommunen m.fl. med bruk og formidling av nynorsk språkbruk.

Jostein Mo/Ørsta mållag skriv:

– Tilboda står framleis opne, men målbruksplanen er eit hjelpemiddel for kommunen til sjølv å verte betre på dette området også. Målbruksplanen må kome med i politikaropplæringa. Det er også mogleg å drive politikk til framhjelp av meir og betre nynorsk. Finn fram målbruksplanen, også som ein reiskap for kommunikasjons- og mediastrategi. Vi vil at Ørsta skal vere ein synleg nynorskkommune!