Prislappen er 1,1 milliardar kroner, heiter det i ei børsmelding torsdag morgon.

– Dette er ein milepæl i norsk luftfartshistorie, seier Norwegians konsernsjef Geir Karlsen.

Kjøpet må godkjennast av Konkurransetilsynet.

– Vi har vore i kontakt med selskapet i løpet av den siste halve veka, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet til E24.

– Dette er ei sak som må meldast til Konkurransetilsynet. Det kan ikkje gjennomførast før vi har godkjent det, og dette vil bli behandla på vanleg måte, seier han.

Kjempestart på Børsen

Kjøpet gav ein kraftig oppgang for Norwegian då Oslo Børs opna torsdag.

Selskapet gjekk opp med over seks prosent, men opninga har i etterkant flata noko ut og litt etter klokka 9 har selskapet ein oppgang på i underkant av fire prosent.

Betre rutetilbod

Avtalen vil gi kundane eit betre rutetilbod, fleire valmoglegheiter og bidra til å sikre norske arbeidsplassar. Widerøe vil framleis vere eit eige flyselskap, med eiga merkevare, organisasjon og med hovudkontor i Bodø, skriv Norwegian i ei pressemelding.

– Vi er to norske flyselskap som har levd side om side i mange år, og til saman kjenner vi luftfartsmarknaden i landet svært godt. No vil vi saman skape eit endå betre og heilskapleg tilbod for alle passasjerane våre, og vi ser fram til at kundane kan reise enkelt og saumlaust på tvers av rutenettverka våre, seier konsernsjefen.

Til saman vil selskapa fly totalt 107 ulike ruter i Noreg. Av desse er berre er fem ruter overlappande.

Begge selskapa vil halde fram med å ha basar, hovudkontor og tilsette i Noreg på same måte som i dag, med sine respektive arbeids- og kollektivavtalar. Widerøe vil halde oppe eksisterande avtalar med andre flyselskap.

Støttast av Kjos

Kjøpet blir støtta av Norwegian-grunnleggjar Bjørn Kjos.

– Eg synest det er eit klokt val. Widerøe er eit flott selskap og kompletterer Norwegian på mange måtar, seier han til E24.

På spørsmål om han har vore involvert i kjøpet svarer han at han berre har diskutert strategiar med den noverande konsernsjefen.

Kjos var sjølv konsernsjef i Norwegian i 17 år, frå 2002 til 2019.