Regjeringa har vedtatt at alle ferjesamband med under 100.000 passasjerar frå fredag 1. juli 2022 skal vere gratis. Møre og Romsdal fylkeskommune melder i ei pressemelding at det gjeld det desse sambanda:

  • Arasvika-Hennset

  • Molde-Sekken

  • Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona

  • Festøya-Hundeidvika

  • Sæbø-Leknes

  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy

  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya (PS: Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis)

  • Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya (PS: Reiser til og frå Dryna vil ikkje vere gratis)

Kan bli fulle ferjer

Seksjonsleiar drift i FRAM, Jesper Wiig, seier at dei gler seg saman med dei reisande over at det blir gratis å komme seg til og frå små øysamfunn. Men i FRAM er dei også klar over at det på enkelte avgangar kan bli fulle ferjer, der bilar og folk ikkje kjem med. Særleg om sommaren med mykje turistar og på enkelte avgangar i helgane.

- Vi vil denne sommaren følge ferjetrafikken på dei åtte sambanda tett. Og eg er trygg på at mannskapet på ferjene gjer sitt beste for dei reisande, seier Wiig.

- Dersom det blir mykje attståande bilar: Er fleire ferjer, eller hyppigare avgangar, ei løysing?

- Ein konsekvens av gratis ferje er auka trafikk. I turistfylket Møre og Romsdal kan vi derfor om sommaren, oftare enn tidlegare, komme til å oppleve fulle ferjer og attståande bilar. Men det er ikkje sett av pengar til å auke produksjonen ut over det som i dag ligg i dagens rutetabellar, seier Wiig.