Høgre fremjar forslag på Stortinget om å kutte ut kravet om å etterforske ulovlege bygg i den norske strandsona. Det melder NRK Vestland.

I dag har kommunene plikt etter plan- og bygningslova til å følgje opp tiltak som er ulovlege – uansett kor gamalt forholdet er.

Dette vil Høgre endre.

Tysdag fremja dei forslag til Stortinget om å fjerne eller avgrense plikta til å etterforske ulovlege oppførte hus, naust og bryggjer i den norske strandsona.

Forslaget kjem etter at kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik i førre veke tok til orde for å mjuke opp strandsonevernet i deler av landet.

– Om den nye kommunalministeren meiner noko med alle lovorda om å auke det lokale sjølvstyret, så er dette ein god stad å starte, seier Høgre-representant Charlotte Spurkeland til NRK Vestland.