Direktoratet for sikkerheit og beredskap og Sivilforsvaret har bede kommunane å kome med særskild informasjon til ukrainaiarar i Noreg om varslingsprøvene.

Kommunane har fått tekstar på både norsk, ukrainsk og engelsk dei kan nytte.

– Målet er at flest mogleg ukrainarar skal vere klar over når varslingsprøva er, og at det berre er ein test som vert gjennomført to gonger i året, heiter det frå DSB og Sivilforsvaret.

I tillegg vil UDI distribuere informasjon til sine mottak og akuttinnkvarteringar. Det vil også verte delt informasjon om varslingsprøvene på sosiale medium.