Medan Tore Vinjevoll var russeprest på slutten av 80-talet starta han med å skrive bursdags- og gratulasjonsdikt, og etter kvart har det vorte mange dikt der tematikken har eit vidt spenn frå politikk til fotball.

– Eg hadde ei bestemor som var glad i å rime, og sjølv har eg alltid hatt god fantasi. På ungdomsskulen fekk vi oppgåver der vi tolke eller gjere greie for, og eg kunne fort skrive ein heil haug med sider. Jakob Sande sine verk har vi alltid hatt i hus, i tillegg til at eg glad i diktsamlinga til Arne Hjeltnes. Eg har og høyrt mykje norsk rock som Raga Rockers og Jokke, og vore glad i skrive sjølv.

I midten av april er «Alt og ingenting» klar for sal, og Vinjevoll har allereie teke imot hundre førehandsbestillingar. Mange kjenner dikta til Vinjevoll frå Facebook der fleire har vore publisert.

– Det vart lettare å formidle dikta gjennom Facebook, og det er kjekt med mange gode tilbakemeldingar. Fleire har både skrive og sagt til meg at eg må ta vare på dikta og få gitt dei ut.

No kjem dikta i bokform, men Vinjevoll var usikker på korleis han skulle gå fram då han bestemte seg for å gi dei ut.

– Eg søkte faktisk på internett på «korleis gi ut diktbok», og på eit fôra fann eg informasjon om Publica Bok AS. Dei skulle vere flinke å gje nye forfattarar sjansen, og om det du hadde ikkje var godt nok fekk du informativ tilbakemelding. Eg sende ein e-post, sjølvsagt på rim, og til svar at dette var interessant. Manuskriptet vart sendt, og tilbakemeldinga var at dei vart i godt humør av lese dikta og at dei ville gje det ut.

For Vinjevoll har det å gi ut diktbok alltid vore ein liten draum.

– Eg har drøymt om å spele for Manchester United, men det er litt enklare å gi ut diktbok. Eg hadde ikkje sett føre meg å vere debutant i ein alder av 43 år. Som tittelen tilseier har dikta i boka eit vidt spekter frå Ørsta, 80-talet, ungane mine, meg sjølv og fotball.

– Om dette vert ein suksess vil det kome fleire bøker?

– Eg kjem aldri til å slutte å skrive, og eg har framleis mange dikt som ikkje er publisert. Om «Alt og ingenting» vert godt teke imot og forlaget er med så vert det gjerne fleire bøker.