Det starta eigentleg for eit år sidan. Terje Kjøde og ordførar Stein Aam har snakka på bakrommet. Dei er samde. Dei saknar stordomstida til Vikegata. Då det var her folk gjekk for å møte kjentfolk, slå av ein prat, spasere og handle. Tidene endrar seg. Med kjøpesenteret Amfi fekk ørstingane nye handlevanar. Senteret er ein stor suksess.

– Vi gjorde heilt rett med å satse på Amfi. Det gjorde at Ørsta framleis er eit handelssenter på Sunnmøre, seier Stein Aam.

Men der ligg ein liten bismak att i Vikegata. Nokre butikkar held stand. Andre har gitt opp. Folkelivet er det så som så med.

– Vi har trua. Vi må ikkje gi opp tanken om å få meir liv og røre i Vikegata igjen. Ho er for fin til det, seier Terje Kjøde.

Det er ikkje få kroner som ligg att i brusteinen, murane, fortaua og fasadane i gata. Opprustinga til gågate kosta. Men folket er berre sporadisk innom.

– Vi må ha noko som trekkjer. Her er butikkar, og her er folk, men vi vil ha meir, seier Kjøde.

Ørsta i eit nøtteskal

Snakkinga på bakrommet skal fram i lyset. Gjennom gruppa Levande Vikegate er målet å skape blest og iver om gata alle ørstingar har eit forhold til, men som alle kanskje ikkje er like mykje på talefot med lenger. 24. august vert det eit ope møte på Ørsta rådhus, der alle med innspel, idear og tankar om den mest velstelte gata i Ørsta er velkomne.

– Vi har mange idear sjølve, men ingenting er bestemt. Vi ønskjer å høyre kva andre tenkjer, seier Kjøde.

Nokre stikkord frå notatblokka kan dei likevel røpe. Dei ønskjer at Vikegata skal vise kva Ørsta er og kva Ørsta har vore.

– Ørsta i eit nøtteskal, seier Kjøde.

Han framhevar det som er typisk for bygda. Naturen, industrihistoria, fiskerihistoria og kulturhistoria, med Ivar Aasen i spissen. Vidare handlar det om handel og folkeliv.

– Utfordringa i Vikegata er bygningane som står der. Dei er ikkje laga for handel slik butikkane vert drivne i dag. Men det må vi sjå på som ei utfordring og ikkje eit problem. Vi må finne ei anna form. Vi må nytte oss av det som er styrken til butikkane i Vikegata. Den personlege sørvisen, det unike. opplevinga av å gå i gata. Det handlar også om å spele på lag med Amfi, seier leiar for næringskontoret, Odd Magne Vinjevoll.

Ja-haldning

– Vi stod beinhardt på vårt då Amfi leika med tanken på å utvide senteret mot fjordsida. No ligg det i planane at dei skal utvide i retning Vikegata. Dermed kjem senteret og Vikegata nærare kvarandre. Det kan vi dra effektar av, seier ordføraren.

Han fortel at kommunen si rolle i det heile, er å legge til rette og vere positive.

– Vi skal ha ei ja-haldning. Vi er veldig glade for at denne gruppa er danna, og eg har tru på at eit godt samspel vil bere frukter.

Terje Kjøde siterer tidlegare Ap-topp og kringkastingssjef Einar Førde.

–Han sa i si tid frå talarstolen på Stortinget: Å stimulere Børsen er som å bere havre til ein død hest. Så feil kan ein mann ta. Det er dei som ikkje har trua på at dette vil fungere også, men kan vi ikkje prøve, og satse på at dei tek feil?

No bed dei ørstingane bidra.

– Skal vi få til noko må det samarbeid til. Sentralt står næring og handel. Kommunen kan legge til rette, og vi andre som ikkje er formelt tilknytt Vikegata, vi kan støtte opp. Då treng vi fleire frivillige og fleire som vil bidra, seier Kjøde, som med det oppmodar alle og ein kvar om å kome på det opne møtet på rådhuset.

Før: Det glade 80- og 90-talet då Vikegata yra av liv. Det er draumen til dei som står bak Levande Vikegate. Arkiv