Halvard har eit og eit halvt år med praksis og teori framfor seg, før han kan ta eksamen og få fagbrev i gjenvinningsfaget.

Ha kjenner VØR godt og har allereie fått prøve seg på mange forskjellige slags arbeidsoppgåver, etter å ha hatt VØR som sin arbeidsplass dei siste to åra.

Halvard Svensli, som er fødd og oppvaksen på Lid i Volda, gått to år på vidaregåande skule i Ørsta, først vg1 teknikk og industriell produksjon og så vg2 arbeidsmaskiner.

Han har eit familiært forhold til VØR. Faren, Odd Martin Svensli, har i fleire år vore sjåfør i VØR. Også bestefaren, Magnar Lid, og onkelen, Ivar Arne Lid, jobba fleire år i selskapet.

Halvard Svensli meiner det viktig å skaffe seg fagbrev med tanke på å skaffe seg ein fast jobb.

Når han har fylt 21 år, er planen vidare å skaffe seg førarkort for stor bil.

Retura Søre Sunnmøre, som er eit heileigd dotterselskap til VØR, har hatt lærlingar sidan 2012.