- Det var ei skrekkeleg oppleving. Det var front mot front, fortel familiefaren til Møre-Nytt.

Det var like før kl. 15. at to bilar støytte i hop på E39 ved Hjelle i Eid kommune. I alt ni personar var involvert i ulykka, og det vart rykt ut frå alle naudetatar.

- AMK Helse Førde fekk melding om ulykka klokka 14.41. Det vart utført trippelvarsling til øvrige naudetatar, og ambulanse og luftambulanseressursar vart sende til staden. Det har vore to helikopter og fire ambulansar involvert i redningsarbeidet, heiter det i ei pressemelding frå Helse Førde.

- Alle pasientar er vurdert som lettare skadd, opplyste AMK torsdag ettermiddag.

Heile fem personar blei frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse og Sea King-helikopter. Dei fire frå Ørsta var blant desse, og dei overnatta på sjukehuset i Førde.

- Vi er i fysisk god form, fortel familiefaren til Møre-Nytt fredag.