– Vi har ein bossdunk nede på marinane og den vert fylt av turistane som er innom. Dunken vart tømd på tysdag, og allereie onsdag var den full igjen. Det er ikkje folk på marinaen som fyller bossdunken opp. Det har vorte eit lite problem, og vi kan ikkje låse dunken inne då den skal vere tilgjengeleg for folk på marinaen, seier Kjetil Rørstad i Bjørke Marina.

Sidan Kvivsvegen opna har Bjørke fått merke at fleire turistar legg turen innom bygda.

– År for år ser vi at det vert meir søppel, og det er lett å leggje det frå seg. Det er fint å stoppe opp ved marinaen, og då vert bossdunken nytta.

Rørstad har vore i kontakt både med Retura og Statens vegvesen.

– Retura har sagt at vi skal få ein ekstra dunk, og vegvesenet ville sjå nærare på saka etter at ferieavviklinga var over. Vegvesenet har ansvaret for rasteplassane langs vegen. Det er ein kostnad opp i det heile, og det vert ikkje rett at marinaen skal ta den. På sikt må vi få til ei ordning slik at turistane også kan kvitte seg med søppelet sitt, seier Rørstad.