Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylke vil ha gratis buss i to månader i Ålesundsområdet i samband med innføring av bypakke og bompengar. Målet er å få fleire til å køyre kollektivt, heiter det i ei pressemelding.

Utvalet vil at kampanjen med gratis buss skal gå føre seg i tidsrommet 22. august til 22. oktober, og skal gjelde Ålesund byområde, Giske og Sula, samt bussruta frå Digerneset til Ålesund.

Saka skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget for endeleg avgjerd.