Programmet for bustadmessa 2023 er klart, og eit sentralt tema blir "Kva kan DU gjere for å leve lengst mogleg i eigen bustad?".

Bustadmessa skal arrangerast i Ørsta kulturhus om vel ei veke, onsdag 23. november.

Etter at ordførar Stein Aam har opna messa, står det mange tema på programmet: Leve heile livet, livet med praktiske utfordringar, tilrettelegging i eigen bustad, energisparing og mykje meir.

Deltakarane får høyre om 300-metersbyen Ulsteinvik, får info frå lokale bankar, og om kva bustader som er under planlegging i Ørsta.