Lokalmønstringa for Ørsta vert i Ørsta kulturhus laurdag 29. april, og påmeldinga er alt starta, melder Ørsta kommune.

– Vi legg opp til ein heil dag med sosialt samvære, mentorar, mat, lydprøver og til slutt show frå scene, skriv kommunen.

Kommunen skriv vidare:

«Alle frå ti til tjue år er velkomne til å vere med på dagen med oss. Vi ønskjer oss mange deltakarar. Det er mogleg å melde seg på med dans, lyrikk, poesi, musikk, kunst, som programleiarar og som arrangørar.»