Brannstasjonen på Sæbø i Ørsta har fått ny brannbil. Eller ikkje heilt ny, dei har kjøpt ein brukt brannbil i Tromsø og køyrd den sørover denne veka.

- Den nye brannbilen er heilt lik hovudbrannbilen til Volda brann og redning, ein Scania 440, fortel brannsjef Thomas Winther Leira til avisa Møre.

Men ny bil betyr også ei ny utfordring: Den nye brannbilen er for stor branngarasjen på Sæbø. Så no er det behov for å byggje nytt.