– Vaksinasjon gir ein «boost» i produksjonen av antistoff. Det gjer han effektiv i å verne mot alvorleg sjukdom og død, seier Mona Høysæter Fenstad.

Ho er overlege ved Blodbanken på St. Olavs hospital i Trondheim.

Dei viser til at særleg eldre menneske vil vere utsette for alvorleg sjukdom om dei blir smitta av covid-19 no. Men sjølv om det store fleirtalet av oss allereie har vore smitta av covid ein eller fleire gonger, treng vi likevel å vaksinere oss, meiner forskarane.

Den betennelsen som oppstår i kroppen under infeksjonar som influensa, covid og lungebetennelse, kan vere skadeleg. Særleg for personar med kjent hjarte- eller lungesjukdom eller andre risikofaktorar, fortel Fenstad.

(©NPK)