Det skriv NRK Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt ein prosess gåande over fleire år for å samle små og store museum på Sunnmøre i ei eining.

Forsøket på å samle musea i ei eining har stranda, og fleire museum blir dermed ståande utanfor, skriv NRK.

– Forslaget byggjer på ønsket frå partane i den betente museumssaka om at dei ønsker eitt samla museum på Sunnmøre, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Forslaget er sendt inn til møtet i kultur- og folkehelseutvalet måndag 13. november.

(©NPK)