Det melder Ørsta kommune.

Tilskotet blir utrekna ut frå kor mange meter med piggtråd som vert fjerna. For å få utbetalt tilskot, skal søkjar legge fram kvittering for leveranse av piggtråd til eit godkjent mottak.

Og når kvitteringa er lagt fram, før piggtråd-fjernaren utbetalt femten kroner meteren.

Frå 2010 har det vore forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde, og når material i gamle gjerde vert utskifta.

Forbodet er heimla i dyrevelferdslova § 15, som slår fast at det ikkje skal brukast piggtråd for å regulere dyr sin ferdsle. I same paragraf går det fram at det er grunneigar sitt ansvar å sjå til at gamle gjerde og piggtråd vert haldne ved like. Der gjerdet kan føre til skade på dyr og menneske, er det også grunneigar sitt ansvar at gjerdet vert fjerna på forsvarleg måte.

Foto: Jan Endre Nesdal, Ørsta kommune

Tretten år etter at forbodet kom, er det mange stader framleis gamle gjerderestar med piggtråd som ikkje har noka nytte lenger. Desse piggtrådane er dødsfeller for dyr.

Det er i UKL-området ein kan tene pengar på fjerning av piggtråden.

Ørsta kommune har 125.000 kroner til fordeling på dei som fjernar piggtråd.

Søknadsfristen for å få «piggtråd-pengar» er 15. oktober.