– Føresegna tilfredsstiller ikkje minimumskrav til saksførebuing, og er difor så mangelfull at ho må sjåast på som ugyldig, heiter det frå NHO Sjøfart.

NHO grunngjev dette med at Ørsta kommune ikkje kan dokumentere utgifter som lovleg kan førast på ei anløpsavgift.

Viss det skulle vise seg at ei anløpsavgift/hamneavgift likevel skulle vere lovleg, meiner NHO Sjøfart at Ørsta kommune har eit forslag som er grovt urimeleg.

Då viser NHO sjøfart til at det vert lagt opp til å krevje anløpsavgift for seks ferjekaier i kommunen. Berre ei av desse, Skår, er kommunal. Dei andre er statlege eller fylkeskommunale.

Det vert vist til at Fjord1 etter dei satsane som er presentert, må betale 0,9 millionar kroner i 2017-kroner, og over 1,1 millionar etter 2020, då det vert ei ekstra ferje i Festøy-sambandet.

– Dette er grovt urimeleg, og truleg over grensa for myndemisbruk, heiter det i det krasse høyringssvaret frå NHO Sjøfart. Dei rår alle medlemsreiarlag om ikkje å betale anløpsavgift.