– Eg såg lyset då eg var trenar på Sæbø på 80-talet. Då eg køyrde nedover Bondalen og såg fjella og fjorden. Hjørundfjord er vår store moglegheit innanfor reiseliv, og det bur eit eige folkeslag i dalen og langsmed fjorden som har ei unik overlevingsevne og evne til å få til ting, seier ordførar Stein Aam.

Denne veka var det tid for det andre arbeidsgruppemøtet i arbeidet med masterplanen for reiseliv i Ørsta. Møtet vart halde på Sagafjord Hotell på Sæbø.

– Det var stor entusiasme og godt oppmøte med rundt 70 deltakarar, seier Per Ivar Lied, prosjektleiar i Ørsta kommune.

No tek arbeidet med å lage eit utkast til reiselivsplan til for alvor. I mai skal dette ligge føre, og då blir reiselivsnæringa og andre inviterte til eit nytt møte der planen blir lagt fram. Det er skissert tre hovudtema for satsinga: «vandring», «topptur» og «fjord».

– Dei overordna satsingsområda er vandring, topptur og fjord. Kultur, med ulike festivalar og anna, er viktige tilleggssatsingar som kan støtte desse satsingane og drage meir folk til betre opplevingar, seier Lied.

Når det no blir laga ein eigen plan for reiselivet, er målet mellom anna å stimulere til samarbeid mellom dei forskjellige aktørane.

– Eg har sjeldan opplevd ein slik entusiasme for eit prosjekt. Men ein plan og entusiasme løyser sjølvsagt ikkje noko i seg sjølv. Når overbygninga no kjem på plass, er det opp til dei forskjellige bedriftene å sy saman pakkar som passar inn i den overordna satsinga, seier Lied.

Under møtet kom det også fram at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har bestilt ei oversikt over reiselivet i regionen, brote ned på dei forskjellige kommunane.

– Denne vil gi ei oversikt over kor mange overnattingsdøgn det er på hotella, campingplassane og dei andre tilboda rundt om, og den aktiviteten elles, seier Lied.

Han er godt nøgd med oppmøtet, men vil gjerne at også dei som ikkje driv direkte med reiseliv skal kome på bana.

– Det hadde vore kjekt med endå fleire handelsnæringa og andre i sentrum i arbeidet med planen. Det er potensial i å få desse også med i reiselivssatsinga.

Til neste møte i mai skal både analysen frå DÅS og eit utkast til masterplan vere klart.

Engasjement: Fire engasjerte kvinner under møtet på Sæbø. Frå venstre: Nina Helen Otterlei (hotelldirektør Sagafjord hotell), Mariann Øye Mork (hotelldirektør Hotel Union Øye), Ma Ortiz (fotograf) og Marita Bett Aakre (Bakketunet på Bjørke). Foto: Privat