– Det var fullt mogeleg å dra på med fart, sjølv om det ikkje var så bratt her. Snøen var heller ikkje så roten som frykta, men heldt i landinga. Det var herleg eigentleg.

Det seier Anniken Helene Aalerud som torsdag deltok ho i X2-festivalens opningskonkurranse «Xfree». Der vart ho nummer tre i dameklassen. Ho er frå Bærum men er så glad i Sunnmørsalpane at ho tilbringa heile påska på Standalhytta.

Anniken Helene Aalerud sjekkar på telefonen kva som har blitt kommenter om prestasjonen hennar på sosiale medium. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Koppefjellet godt nok

Konkurransen har tradisjonelt blitt heldt i Trollbotn ved Veirahaldet, men i fjor vart heile Xfree rett og slett avlyst grunna uventa høg skredfare. Det heldt på å gå skeis også i år. Derfor flytta arrangøren Xfree til den noko slakare og mindre skredfarlege nordvestsida av Koppefjellet.

Leikegrinda køyrarane hadde til rådigheit, strakte seg breitt ut frå rett under toppen på 938 meter over havet, og ned til Vadsteindalen.

– Deltakarane kom og ville køyre, det seier nok, poengterer ansvarleg for Xfree Sigbjørn Melvær, på spørsmål skiftet av skibeite fungerte eller ikkje.

Foto: Timme Ellingsgjord Hvitlbikk

Snøprofilen tatt av skred

Nettopp skredfaren gjorde at Aalerud måtte tenke seg godt om før ho og turkameratane valte toppar i og rundt Standalen i påska.

– Det seier sitt at ein snøprofil vi grov rett under Fingern vart tatt av skred.

Ho fortel at det var nokon som gjekk til fots som utløyste skredet.

Påsketidene i år var prega av utrygge snøforhold og farlege situasjonar. Mellom anna utløyste to svenskar flakskred på Saudehornet.

–Berre griseflaks gjorde at dei ikkje blei førde inn i skreda sjølve, uttalte Stig Helset i Møre-Nytt 15. april.

Frykta sugent føre

På grunn av tidvis streng kulde, danna det seg skredfarlege lag. Dette problemet er no minimert grunna sommartemperaturar dei siste dagane.

Varmen skapte på si side ei anna uro for X2-festivalen før Xfree: ville flyt og fart bli øydelagt av sugeføre? Svaret på det vart ganske enkelt nei – snøen leverte