Lokala ved Bacalaofabrikken i Festøya fekk særs hard medfart då Dagmar herja i romjula.

– Orkanen reiv ned veggen og tok med seg heile lageret ut på sjøen. Mykje av emballasjen låg strødd i fjøra, medan resten flaut ut til Sykkylven og Hundeivika, seier dagleg leiar Finn Egil Sætre.

I tillegg til plastpakkane, omfatta skadane både ferdigprodusert bacalao, råvarer og maskiner.

– Her var gjort skader for 1,8 millionar kroner, og det er ikkje inkludert kostnadene på sjølve bygget som er eigd av Atlantic Cod Farms.

Nytt tilbygg

Det gjekk likevel ikkje lenge før optimismen atter ein gang skulle finne grobotn ved det gamle lakseslakteriet i Festøya. Sætre seier nemleg dei opplevde stor støtte frå lokalbefolkninga i dagane etter Dagmar. Etter tre veker med rydding, nedvasking og full innsats, kunne verksemda starte opp att med drifta.

– Det var utruleg kjekt at folk ville nytte fridagar i romjula til å hjelpe oss.

Og med eit lokalt snikkarlag på blokka, fekk ein reve og bygd opp att eit flunkande nytt tilbygg. Dei nye lokala vart ferdigstilt måndag denne veka, etter fjorten dagar med byggjearbeid.

– Vi reknar med å ta det i bruk i laupet av denne veka, seier Sætre.

Sjølv om starten på 2012 vart noko amputert, tyder no alt på at Bacalaofabrikken atter ein gang er klar for gode tider. Pila har nemleg peika oppover sidan Sætre tok over verksemda i 2007.

Omsetning

– Frå 2010 til 2011 hadde vi nesten 25 prosent auke i omsetninga, som no ligg på fem millionar kroner. Eit utvida produktutval med utvatna klippfisk i spissen er grunnen til oppsvingen, seier Sætre.

Verksemda sysselsett tre personar – der to jobbar på deltid, medan Sætre sjølv er den einaste i heiltidsstilling. Fabrikken har heile Noreg som nedslagsfelt, og leverer til alle matvarekjedene i landet.

– Vi sel mest bacalao i Midt-Noreg, medan austlendingane et klart mest av den utvatna klippfisken. Vi lev rett nok av å selje eit nisjeprodukt, men fabrikken er ei lita bedrift som har hatt ei jamn og fin auke sidan eg tok over i 2007, seier Sætre.

Utvide?

– Kva er planen for Bacalaofabrikken framover?

– Vi kjem til å halde fram med å byggje stein for stein, og kome på marknaden med enda fleire produkt. Klippfisk er ei god råvare med breitt potensial.

Leiaren seier han driv aktivt med produktutvikling, og leiter stadig etter nye varer som kan treffe blink i marknaden.

– Tenker de å utvide bedrifta?

– Nei, vi driv med god kapasitet i dag, så vi ser ikkje behovet for det slett enda, seier Sætre.