No oppmodar Kolås kommunen om å  starte planlegging av parkeringshus der Røedhuset står inn mot E 39, og inn på hageområdet til Svendsengarden.

- Dette vil vere ei god og framtidsretta løysing. Ein kan då lage busslomme og hageanlegg opp på parkeringskjellaren. Ørsta kommune kan vere tilretteleggar i denne prosessen som bør betalast av aktørar/næringsdrivande i sentrum, seier Kolås.

Han mener Sparebank 1 Søre Sunnmøre bør  vere ein naturleg medspelar i eit slikt anlegg.

Gunstig

- Å bygge eit slikt anlegg vil også vere gunstig for privatpersonar som er busette i sentrum, og som då kan kjøpe seg parkeringsplass eller eventuelt leige av utbyggjaren. Det er ikkje noko til hinder for at Statens vegvesen, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, skal kunne vere med på denne løysinga på same måte som dei skisseløysingane som til no er lansert for området, meiner Kolås.

Han ber om at det  påstarta arbeidet med  skisseprosjektet ved Svendsengarden vert stoppa slik ein kan tenkje seg skikkeleg om i høve korleis ein skal kunne løyse parken, busslomma og parkeringsplassane.

- Dei skissene som så langt er laga over desse planane, inneheld ein levegg og uteamfi opp mot E 39. Dette vil vere uheldig med tanke på støy frå vegen, og ein "stygg støyvoll" opp mot E 39 som konsekvens. Skal ein ha amfiliknande løysing ved Svendsengarden, vil trappa og tilstøytande område kring trappa vere meir egna til dette. Der er det nesten allereide eit "naturleg uteamfi", seier Kolås.

Han er imot at det vert sett biltrafikk i gågata slik det no er foreslått.

- Ørsta sentrum har mange mulegheiter, men har også mange utfordringar. Eg ser at det er næringsdrivande som no ytrar seg om at handlegata i sentrum skal opnast for gjennomkøyring. Dette vi eg sterkt fråråde som ei framtidsløysing, seier han.

Kolås ser fram til at banken flyttar til gågata.

Ny giv

- Det at Sparebank 1. etablerer seg i sentrumsområdet vil gje sentrum ein ny giv, og nye mulegheiter. Nye buttikkar og myldreplassar vil då truleg gje den naudsynte «innsprøytinga» i sentrumsaktiviteten som sårt trengs, håper Kolås.

Inge Kolås har sendt innspelet til sentrumsutviklinga og arkitektkonkuransen Europan 13 til administrasjonen og politikarar.

- Eg utfordrar også Sparebank 1, og dei øvrige næringsdrivarane til å take opp til drøfting om dei ynskjer å medspele til ei løysing der å byggje eit parkeringshus vert løysinga, seier Kolås.