Norsk Tipping har nyleg utbetalt grasrotmidlane for andre halvdel av 2011, og statistikkane frå Hamar viser at det tikka inn pengar til totalt 55 klubbar og organisasjonar frå Ørsta i løpet av heile fjoråret. Og 47 i Volda.
I dag kan vi presentere ei fullstendig oversikt over korleis Grasrot-pengane for 2011 blei fordelt i Ørsta – og kor mykje pengar som faktisk kunne vore fordelt.
Norsk Tipping har nyleg utbetalt grasrotmidlane for andre halvdel av 2011, og statistikkane frå Hamar viser at det tikka inn pengar til totalt 55 klubbar og organisasjonar frå Ørsta i løpet av heile fjoråret. Og 47 i Volda.
Mest til ØIL
Totalt er det utbetalt 503.325 kroner i grasrotmidlar til frivillig arbeid i Ørsta kommune i fjor. Mest pengar er det Ørsta Røde Kors som får – med totalt 83.723 kroner i stønad frå dei 326 spelarane som har valt denne klubben som mottakar. Det er Ørsta Idrottslag og Hovdebygda IL som følgjer deretter.
Pengar til Volda
I Volda har dei fått totalt 329.205 kroner til fordeling. Mest gjekk til Volda TI Fotball, som fekk dryge 81.000 kroner. Så kjem Dalsfjorden FK og Volda Handballklubb. Ei komplett liste over alle mottakarar finn du i tilknyting til denne saka.
Rekordår
Alle som er registrert med spelekort hos Norsk Tipping kan gi fem prosent av det dei speler for, til eit lag eller ein organisasjon etter eige ønske.
Kommunikasjonssjef Magne Vikøren hos Norsk Tipping kan fortelje om rekordår når det gjeld Grasrotandelen. Summen som blei utbetalt i fjor er tolv prosent høgare enn året før.
– Totalt vart det utbetalt 296 millionar kroner til Frivilligheits-Noreg gjennom ordninga, og dette er 32 millionar kroner meir enn i 2010, fortel han.
Over 734.000 nordmenn er no registrert som givar gjennom Grasrotordninga.
– Viktig ordning
I Ørsta kommune finn vi at 1.629 personar har valt ein organisasjon som dei vel å støtte. Og 1.069 frå Volda.
– Vi har inntrykk av at Grasrotandelen er godt likt og høyrer støtt og stadig om kor viktige desse midlane er for små og store i det mangfaldige organisasjonslivet i Noreg. Det er alt frå Røde kross og idrettslag, via musikklag og turforeiningar, til dyrevern og velforeiningar. Alle saman nyt godt av desse midlane, fastslår Vikøren.
– Vi veit at grasrotmidlane er med på å skape engasjement og aktivitet landa over, og dette er vi stolte av å vere med på. Vi vil gjerne få nytte høvet til å takke alle spelarane i Ørsta for stønaden, seier han.
Stort potensial
Ein ting er å ta imot denne stønaden frå Norsk Tipping. Ein annan ting er å sjå kva ein eigentleg kunne fått frå Hamar om alle spelarane i Ørsta hadde valt ein mottakarorganisasjon. Det er nemleg langt frå alle i Ørsta som har registrert seg som grasrot-speler. Tal frå Norsk Tipping viser nemleg at det er så mange som 1.970 personar frå Ørsta som har spelarkort, men som enno ikkje har ført seg opp som grasrotgivar.
Potensialet i Ørsta er såleis stort. Dersom vi meiner at dei resterande spelarane ville gitt like mykje som dei noverande, så hadde spelarane frå Ørsta kunne samla inn over 1,1 millionar kroner i stønad i løpet av året.
Framleis mange utan
I heile Noreg har 40 prosent av dei som speler hos Norsk Tipping registrert mottakarorganisasjon gjennom Grasrotandelen. Altså er seks av ti spelarar ikkje knytte til ordninga.
– Vi har inga konkret forklaring på kvifor seksti prosent ikkje har funne seg ein mottakar. Mange gløymer kanskje ordninga når dei er inne hos kommisjonæren, så det å stå utanfor med ein stand er kanskje eit godt grep for å hanke inn nye grasrotgivarar til laget eller organisasjonen sin, oppmodar Vikøren.
– Og så er det andre igjen som ikkje klarer å fastsetje seg for kven dei skal gi Grasrotandelen sin til. Den tredje forklaringa kan vere at det er snakk om sporadiske spelarar som ikkje ønskjer å nytte seg av Grasrotandelen, seier han.
I Ørsta er det snakk om at 44 prosent av spelarane har registrert seg. Og i Volda 38 prosent.
Mykje kake igjen
– Det at potensialet er så stort må vere til stor inspirasjon for dei laga og foreiningane som ønskjer å gjere meir ut av ordninga. Suksessfaktoren til Grasrotandelen er engasjement, og dei som er flinke til å vise seg fram, informerer om kva dei driv med og kva pengane skal gå til, lukkast ofte godt med Grasrotandelen, seier Vikøren.
– På fleip har vi kalla Grasrotandelen som kakelotteri på autopilot. Og festen er langt frå over, for det er mykje kake igjen, understrekar grasrotgeneralen.
Desse fekk i Ørsta:
Ørsta Røde Kors, 326, 83.723
Ørsta Idrottslag, 183, 81.378
Hovdebygda Idrettslag, 149, 62.174
Vartdal Turn og Idrettslag, 131, 44.719
Åmdal Idrottslag, 84, 29.233
Sæbø Idrettslag, 88, 26.434
Vartdalsstranda Generasjonskorps, 94, 25.940
Volda og Ørsta Ballettskule, 45, 12.965
Sæbø Skulekorps, 15, 12.675
Urke Småbåtlag, 16, 11.091
Ørsta Bowlingklubb, 10, 10.328
NRF Møre og Romsdal fylkeslag, 36, 9.827
Urke Grendelag, 27, 7.794
Ålesund Friidrettsklubb, 12, 7.501
Møredykk – Volda og Ørsta, 16, 6.939
Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, 12, 4.927
Volda Ørsta Revmatikarforeining, 32, 4.809
Søre Luten Bowlingklubb, 10, 4.054
Ørsta Hornmusikk, 23, 3.849
Cantando, 12, 3.757
Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag, 19, 3.516
Ørsta Volda Pistolklubb, 23, 3.331
Follestaddal Hornmusikk, 19, 3.172
Vartdal Skyttarlag, 13, 2.806
Hovden og Ørsta Skulekorps, 19, 2.761
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag, 13, 2.731
Lions Club Ørsta, 8, 2.632
Liadalsbygda Grendelag, 15, 2.523
Bondalen Helselag, 12, 2.221
Ørsta Ungdomslag, 8, 2.140
Nordre Vartdal Bygdeutval, 16, 1.965
Ørstakoret, 8, 1.960
Ørsta Linedanceklubb, 11, 1.910
Hovdebygda soge- og velferdslag, 8, 1.726
Volda & Ørsta Himmelseglarlag, 14, 1.711
Dalane Skulekorps, 9, 1.648
FFB Søre Sunnmøre, 11, 1.484
Osberget Skisenter, 8, 1.446
Håvoll IL, 9, 1.228
Songlaget Bard, 3, 818
Hjørundfjord kulturvernlag, 4, 794
Norangdal Idrettslag, 6, 763
Ørsta Sykkelklubb, 9, 589
NHF Ørsta/ Volda, 5, 562
Ervingen Blandakor, 7, 558
Eitrefjell Telemarkklubb, 8, 503
Ørsta Symjeklubb, 4, 467
Storm 4H, 6, 336
Vestri Volda Ørsta, 4, 277
Ørsta ride- og køyreklubb, 4, 250
Norges Diabetesforbund Volda og Ørsta, 138
Sørheim og Steinnes Grendelag, 3, 105
Farkvamen Ve og Vel, 1, 92
Rebekkaloge Nr 46 Symra, 1, 28
Ytre Standal og Stavset Grendalag, 19
Desse fekk i Volda:
Volda Turn og Idrottslag Fotball, 215, 81.514
Dalsfjorden Fotballklubb, 43, 45.289
Volda Handballklubb, 93, 30.031,
Volda Røde Kors, 106, 16.401
Volda Skulekorps, 48, 13.732
Folkestad Idrettslag, 37, 13.502
Volda Mannskor, 23, 13.166
Volda Golfklubb, 21, 12.016
Lauvstad Skulekorps, 56, 11.865
Straumshamn Musikkorps, 43, 10.174
Volda Sanitetslag, 21, 9.571
Hjartåbygda Skyttarlag, 20, 6.914
Mork Idrettslag, 27, 6.448
Austefjord Idrettslag, 44, 6.356
Vestsida Idrettslag, 15, 5.789
Folkestad/Tonika Musikkorps, 20, 4.408
Den Indre Sjømannsmisjon, 20, 4.116
Mork Frilynde Ungdomslag, 12, 3.531
Volda Rideklubb, 15, 3.332
Volda Turn og Idrettslag Allidrett, 14, 3.162
Pinsekyrkja Eben-Eser, 12, 3.016,
Volda Tennislag, 9, 2.475
Volda KFUK-KFUM, 19, 2.139
Bjørkedalen Kystlag, 12, 1.881
Helsekorpset Volda, 8, 1.746
Foreininga Merkesteinane, 13, 1.745
ADHD-Norge S��re Sunnmøre Lokallag, 1.541
Volda Judoklubb, 12, 1.520
Folkestad Speidergruppe, 5, 1.195
Volda KFUK-KFUM Speidarane, 8, 1.174
Volda Hornmusikk, 8, 1.170
Volda og Ørsta Bordtennisklubb, 1.141
Dravlaus Idrettslag, 8, 1.056
Dalsfjord Musikkorps, 13, 1.051
Ørsta Volda lag av Foreningen Norden, 1.963
Austefjord Hornmusikk, 8, 891
Diabetesforbundet Volda og Ørsta, 8, 673
Bjørkedal Barnehage, 6, 629
Volda Folketeater, 3, 509
Nasjonalforeningen for folkehelsen, 3, 388
Volda Husflidslag, 7, 332
Mork Sanitetslag, 3, 197
Vikebygda Sanitetslag, 2, 172
Foreininga AAN Volda Alternativ til abort, 2, 110
Student-TV i Volda, 4, 99
Lions Club Volda, 2, 57
Volda Mållag, 19
Topp 20 i Noreg
Vålerenga Fotball, Oslo, 2.131.676
Lørenskog Idrettsforening, Lørenskog, 1.330.256
Bodø-Glimt Fk, Bodø, 1.308.476
Sarpsborg 08 Fotballforeining, Sarpsborg, 929.562
Lillestrøm Sportsklubb, Skedsmo, 912.276
Skeid, Oslo, 736.603
Odds Ballklubb, Skien, 727.311
Strømsgodset Toppfotball, Drammen, 719.189
Vindbjart Fotballklubb, Vennesla, 679.823
Brann Sportsklubben, Bergen, 673.562
Ishockeyklubben Sparta Sarpsborg, Sarpsborg, 624.408
Mjøndalen Idrettsforening, Nedre Eiker, 620.455
Kattens Vern, Bergen, 618.945
Idrettslaget Brodd Fotball, Stavanger, 588.380
Fokus Bordtennisklubb, Oslo, 584.582
Tromsø IL, Tromsø, 557.094
Fram Idrettsforeningen, Larvik, 535.165
Gneist Idrettslaget, Bergen, 532.554
Stjernen Hockey Fredrikstad, Fredrikstad, 528.464
Raufoss IL Fotball, Vestre Toten, 519.642