I 2018 oppgav kvar tredje lærar i grunnskulen at dei hadde opplevd å bli trua eller trakasserte ein eller fleire gonger siste 12 månader. No har andelen auka til nesten tre av fire. Halvparten av lærarane oppgir at dei har vorte utsette for fysisk skade eller vald, ifølgje ei undersøking som er utført av Respons Analyse på vegner av Utdanningsforbundet og NRK.

Kallar til krisemøte

Til NRK opplyste nyleg kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun at ho vil kalle inn alle som jobbar med skule til eit krisemøte for å finne løysingar på utfordringane. Dette vart gjenteke av statsråden i Stortinget sist onsdag.

– Altfor mange lærarar opplever vald og truslar på jobb, samtidig som altfor mange barn og elevar ikkje får den hjelpa og støtta dei treng. Vi er glade for at statsråden tek dette på alvor, og det er bra at ho no tek eit initiativ til at vi skal snakke saman. Det hastar med handling, seier Geir Røsvoll, leiar i Utdanningsforbundet i ei pressemelding.

Han meiner det viktigaste no er å få til ei felles koordinert innsats for å rydde opp i ein svært alvorleg situasjon.

– For det første må laget rundt læraren og eleven blir styrkt, slik at elevar som slit får raskare og betre hjelp og at lærarane får eit sterkare støtteapparat rundt seg. For det andre må kontaktlærarar sikrast betre tid til å gjere jobben sin og kunne følgje opp alle elevar. I tillegg er vi nøydde til å få ein heilt annan systematikk og forplikting i arbeidet mot vald og truslar i skulen. Det handlar mellom anna om risikovurderingar og tiltak for å førebyggje, handtere og omarbeide valds- og trusselhendingar, skriv Røsvoll.

Manglar støtte

Røsvoll peikar på funn frå undersøkinga som viser at svært mange lærarar opplever å stå åleine, både når ei hending skjer og i etterkant.

Det klare fleirtalet (72 prosent) av lærarar seier også at dei i stor eller noka grad har behov for betre opplæring i å handtere truande situasjonar eller valdsepisodar.

Berre 3 prosent av lærarane svarer ja på spørsmål om dei har eit støtteapparat som fungerer godt og som kan følgje opp og hjelpe elevar med valdelege, truande og utagerande åtferd på skulen. 41 prosent har ikkje eit slikt støtteapparat.

– Ingen lærarar skal måtte oppleve å handtere så krevjande situasjonar åleine. Kommunane og fylkeskommunane er heilt nøydde til å setje i gang eit ordentleg arbeid for å sikre retten lærarane har til eit trygt og godt arbeidsmiljø, seier Røsvoll i pressemeldinga.

(©NPK)