Jau, her er nokre fakta om det:

* Grunnrenteskatt blir betalt av inntekter ein får ved å utnytte naturressursane til fellesskapet, slik som vatn, vind og hav. Kjem frå det engelske uttrykket «ground rent», altså jordleige eller landsleige.

* Når det er sett opp ein vindmøllepark i eit fjellområde eller bygd eit lakseanlegg i ein fjord, er ikkje området fritt tilgjengeleg for andre. Tilgangen til naturressursane er avgrensa, og det avgrensar konkurransen. Dermed er det lettare å få ekstraordinært høge inntekter i næringar som utnyttar naturressursar.

* Grunnrenteskatt skal betalast av inntekter selskapa får utover det dei normalt kan forvente av sine eigne investeringar og arbeidsinnsats, som følgje av denne fordelen. Grunnrenteskatt blir også kalla superprofitt.

* I dag er det grunnrenteskatt på vasskraft og oljeproduksjon, og regjeringa vil innføre dette på vindkraft og lakseoppdrett.

(©NPK)