Levekårsutvalet i Ørsta kom i fjor haust med denne fråsegna: «Innkomne framlegg til naturnamn i saka er både gode og grundige. Ørsta kommune rår til at Språkrådet og Kartverket legg desse til grunn for vedtak i saka.»

I eit brev frå Guttorm Hagen (eit brev som er datert 19. oktober 2021): «Stabben (Stabbi) er den markerte fjellformasjonen mellom Longheida og Skorgesætra. Dette namnet er eit svært innarbeidd stadnamn for alle som er kjende i Skorgedalen, og som nyttar dalføret. Namnet Stabben er såleis rett plassert på kartet i dag.»

Egga eller Langheida?

Guttorm Hagen skriv slik om dette (19. oktober 2021): «Ingen nyttar namnet Egga om Longheida. Longheida er rett namn. Langheida samsvarar ikkje med dialekt.»

Leiaren i Skorgeura grendalag, Børge Sætre, skriv (24. oktober i fjor): «Lokalt nyttar vi namnet Longheida og ikkje Langheida. Longheida er nytta om området som strekker seg frå Bjørnastighornet og frå det vi kallar Blåfjellvatnet, som på kartet har namnet Nykkjavatnet etter tradisjon frå Liadal, til området bak Stabben. Deretter kjem fjellrekka med Hyrninga.

Lokalt har Hyrningane uttalen Hynningane med nj-lyd. Sjølve toppane bak og ved Stabben har ikkje eigne namn utover å vere ein del av Longheida og Hynningane. Egga er ikkje eit kjent namn.»

Hestefjellet eller Hesteryggen

Guttorm Hagen skriv slik om dette (19. oktober 2021): «Ingen nyttar namnet Hestefjellet. Hesteryggen strekker seg frå der Hestefjellet er markert på kartet, og vidare mot vest. Bandet mellom Tverrfjellet og Hesteryggen har ikkje noko namn. Hesteryggen bør no markerast på rett stad. Hestefjellet er ei feil nemning, og bør bytast ut med Hesteryggen på kartet.»

Dette var Språkrådet samde i, så dermed blir namnet Hesteryggen, og ikkje Hestefjellet.